Kontakt oss

Ein treff kundebehandlarar frå Lysglimt alle kvardagar kl. 0800 - 1530 på telefon 55 08 01 00.

Ved oppringing utanom arbeidstida, så vil ein ha moglegheit til å leggje igjen ein beskjed på telefonsvararen vår. Ein vil då verte ringt tilbake neste arbeidsdag. Når ein legg igjen ein beskjed så er det lurt å sei kven abonnementet står på og kva telefonnr. ein kan nåast på.

Ein kan òg sende oss en mail på kundeservice@lysglimt.net

Vi gjer oppmerksam på at vi har gratis telefonhjelp dersom problema skyldas leveringa til Lysglimt. Dersom du ønskjer hjelp til å setje opp mail, antivirus, trådlause routere eller andre eigne løysningar har vi 10 minuttar gratis service, deretter vert du belasta pr påbegynte 1/2 time med kr 350.

Eit tips:

Lysglimt leverar sine tenester på fiberboksen som er montert i din heim. Denne vert kalla Residential Gateway - kort kalla RG - og internett vert levert som ein standard på porten som vert kalla LAN1, TV på LAN3 og telefoni på Tel1.

Dersom du har problem med nokon av desse tenestene så må du kople utstyret ditt rett i ein av desse portane og kople vekk ALL eigen elektronikk. Har du til dømes problem med internett forbindelsen så koplar du datamaskinen din rett i LAN1 med ein nettverkskabel. Dersom internett då verkar, så er det diverre noko gale med ditt eige utstyr.