Om oss

LYSGLIMT er breibandssatsinga til Austevoll Kraftlag SA, og er eit resultat av ein historisk satsing på innovative løysingar for lokalsamfunnet. Vår visjon og vårt mål er å knyte Austevoll endå tettare saman, ved å etablere eit høghastighets kommunikasjonsnett som kvar enkelt husstand kan koble seg til. Gjennom dette nettet får innbyggjarane i Austevoll tilgang til kultur, tenester lokalt, nasjonalt og frå verden for øvrig.

Vi har i løpet av dei siste åra etablert eit fiberbasert fulltenestenett / breibandsnett, og vi leverer i dag ein rekke tenester over dette nettet - til både kommune, bedriftar og private. Vi har etablert ein moderne og svært skalerbar tenesteplattform, og vi leverer pr. i dag internett, IP-telefoni og digital TV (IPTV).

Avdelinga har i dag 5 tilsette med høg kompetanse innan fleire fagfelt og vi er her for at du som kunde skal ha best mulig tenester.