Vanlege feil og problem

På denne sida finn du enkle råd om dei vanlegaste feila vi mottar førespurnadar om på vårt kundesenter.

Manglar internett:

Lysglimt leverer og garanterer leveransen frem til vårt fiber modem som er installert i ditt hus.

Som kunde får du tildelt ei offentlige IP adresse på internett. Brukar du meir enn ein PC rett til vår RG, eller via ein switch, så er det altså berre ein av desse som vil komma på nett av gangen. Skal du ha meir enn ei datamaskin (eller andre internett enheter) på nett må du bruke ein router.

Dersom du manglar internett så er det vanlegaste problemet feil på kundens interne router, som normalt er ein trådlaus router. Dette er kundens eiendom og ikkje noko vi gjer support på.

Ein enkel kontroll:

  • Kople en PC til ein av LAN portane på RG'en med ein kabel.
    Pass på at det ikkje er NOKON typar elektronikk i mellom PC og RG, kun ein kabel.
    Dersom du nå kjem på nett er det diverre feil på ditt utstyr.
  • Om du framleis ikkje kjem på nett kan du forsøke ein anna LAN port på RG'en.
  • Om dette heller ikkje gjev resultat så må du ringje oss på 55080100/55080000 mellom 0800 - 1530. Me bytt ikkje utstyr på kveldstid eller i helger med mindre det gjelder sentrale feil som rammar fleire kundar.

 

Feil på TV:

Du er kunde hos Get og skal ta kontakt med Telia dersom du opplev problem med TV- bildet.

Dersom du manglar ein eller fleire kanalar, så er det Telia som må kontaktast.

Manglar du alle kanalar kan feilen liggje hos Telia, internt hos deg eller i vårt system. Ein enkel kontroll for å sirkle inn problemet:

  • Kople ein tuner direkte til ein av LAN portane på vår RG. Ta av straumen på tuneren og slå på igjen. Bruk knappen bak på tuneren.
  • Kjem TV signalet inn no, så har du ein feil på kablar eller switch internt hos deg.
  • Får du framleis berre svart skjerm så sjekk om tuneren får IP adresse. Det gjer du ved å klikke på OK på fjernkontrollen, vel innstillingar på menyen til venstre -> avanserte innstillingar -> PIN 0000 -> IP diagnostikk.
    Her skal det stå ein IP adresse som byrjar på 10.
    Dersom denne adressa er tilstade så er problemet hos Telia.
  • Manglande IP adresse:
    Kontroller at kabel står skikkelig inne i begge endar og at det lys grønt i lampane på kontakten på tuneren og RG.
    Om det framleis er eit problem er enten tuneren defekt, eller det er feil på TV linja di hos Lysglimt.
    Tuneren kan byttas/kontrollerast hos Lysglimt, men dette skal berre gjerast dersom Telia har klarert det.

 

Alle feil som Lysglimt finn hos deg, som er eit resultat av feil frå di side, må vi fakturera til Telia. Det er mogleg at dei vil leggje dette på din faktura frå dei.