Endring av kundeforhold

Dersom du av ein eller anna grunn må endre på heile eller delar av ditt kundeforhold med oss, kan det gjerast ved å sende oss ein mail på kundeservice@lysglimt.net i fri tekst, eller ringe oss på 55 08 01 00.

Husk å sei kva kundenummer eller navn som abonnementet står på. Me må ha ein gyldig e-mail adresse, eit telefonnr og ei korrekt postadresse ved slike høve.

Du kan og nytta vårt Kontakt oss-skjema nederst på sida.

Det same gjeld dersom du skal flytte eller forandre din kundeinformasjon hos oss.

Husk at det er ein månads oppseiingstid på våre tenester.